Åttetimersdagen

Arbeidaranes krav om åttetimars arbeidsdag blei tariffesta ved lønnsoppgjeret i 1919, og same året vedtok Stortinget lov om åttetimarsdag for alle industriarbeidare i landet.
Avisutklipp fra Vestlandske tidende 2. mai 1918, med overskriften "Arbeidere ved Eydehavn-anlæggene nedla arbeidet i gaar"
Vestlandske tidende 2. mai 1918

Aksjonane på Eydehavn for å få innført åttetimarsdagen i 1918 var inspirert av den arbeidarrådsrørsla som voks fram også i Norge i kjølvatnet etter oktoberrevolusjonen i Russland året før. Etter at arbeidarane over heile verda hadde demonstrert for åtte timar arbeid, åtte timar fritid og åtte timar kvile pr. dag kvar 1. mai sidan 1889, skulle dei også i Norge bare gå frå arbeidsplassane etter åtte timar 2. mai 1918 og på denne måten ”ta” den åttetimarsdagen som arbeidsgivarane ikkje ville gi dei. Eydehavn var ein av dei mange stadene der dei to foreiningane blei einige om å følgje parolen og forlate dei to respektive arbeidsplassane når det var gått åtte timar den 2. mai 1918.

 

Som sagt, så gjort - på DNN. Der gikk arbeidarane, og dei gikk inn i ein langvarig konflikt, men ikkje på Smelteverket. Der blei dei ståande i arbeidet fordi direktøren, Hammond, lovte dei åtte timar frå 1. oktober same år, noe som også blei gjennomført, visstnok den einaste staden på Sørlandet så tidleg. Åttetimarsdagen blei jo elles gjennomført ved lov over heile landet i 1919 fordi statsminister Gunnar Knudsen og regjeringa hans, som han sa, ville vise arbeidarane at det ikkje var nødvendig å gjøre revolusjon for å oppnå reformar. Men det var nettopp ei veksande, radikalisert og pågåande arbeidarrørsle som truga med revolusjon, som tvinga regjeringane over heile Vest-Europa til å lovfeste åttetimarsdagen etter første verdskrigen.

Portrett av Einar Kåten
Einar Kåten

Men da DNN-arbeidarane forlét arbeidsplassane sine den 2. mai 1918 og marsjerte til naboverksemda for etter avtale å hente kameratane sine der, møtte dei ingen Smelteverksarbeidarar, men bare verksmeistar Einar Kåten, som heldt vakt ved porten med ein revolver i handa.

Allereide i byrjinga av 1918 hadde Elektrokjemisk Arbeiderforening stilt krav om auka løn og 14 dagar ferie for alle med ansiennitet på to år, samt om å redusere arbeidsuka frå 54 til 48 timar, altså om åttetimarsdag. Men verksemda hadde sagt nei, og da arbeidarane ”tok” den reduserte arbeidsdagen 2. mai, gikk verksemda til oppseiing av samtlege dagarbeidarar på dagen. Skiftarbeidarane fikk 14 dagars oppseiing, men allereide den 4. mai fikk også dei beskjed om å gå same dag. Kva som så skjedde, for eksempel kor lenge konflikten varte, er uklart, for det finst ikkje samtidige skriftlege kjelder til det. Journalisten som skreiv det stensilerte 50 års jubileumsskriftet for Elektrokjemisk Arbeiderforening, nemner bare i vage ordelag at utviklinga fikk sine dramatiske sider, og at det kom til skarpe oppgjør i arbeidarane sine eigne rekkjer, men at alt til slutt blei løst til det beste for alle partar.

Portrett av Nils Stene
Nils Stene som ble sagt opp på Nitriden etter 8-timersaksjonen

Ein av omnshusarbeidarane som tok del i aksjonen, Oscar Engbråthen, har fortalt at det var folk som han ville kalle kommunistar som gikk i leiinga. Arbeidarane gikk rett frå omnane trass i at dei var fulle av flytande metall, og det ikkje var noe godt tilhøve mellom Elektrokjemisk og Eydehavn Arbeiderforening. Det var ein Endresen som stod for aksjonen, men det var etter påtrykk frå andre, har Engbråthen vidare fortalt. Det var ”møe ulovlig før i den tid”, sa Engbråthen medan han levde i slutten av 1970-åra.

Det vi veit og trygt kan seie, var at fleire av aktivistane fikk sparken etter aksjonen, og at fagforeininga må ha gått med på det, mellom andre Nils Stene, som etter noen år kom attende til Eydehavn for å spele ei framståande lokalpolitisk rolle, og leiaren av jern- og metallklubben på verkstaden ved DNN, ein platearbeidar frå Kristiania. På kort som DNN kartotekførte over samtlege arbeidarar, er det for desse to ført merknad om at dei blei sagt opp på grunn av åttetimarsaksjonen. Andre fikk påskrifter om at dei tok aktivt eller ikkje aktivt del, eller om at dei hadde protestert mot aksjonen eller til og med oppført seg som streikebrytarar. På dei eldste korta var det også opplysingar om kor arbeidarane var fagorganiserte, eller om dei ikkje var organiserte, for eksempel av religiøse grunnar. Også deltaking eller ikkje i seinare streikar er omtalt.

 

Frå første stund var arbeidstidsspørsmålet eit spesielt viktig spørsmål for arbeidarar som arbeidde skift under helseskadelege tilhøve i prosessindustrien. Fram til innføringa av åttetimarsdagen i 1918-19 arbeidde skiftfolka åttetimarsskift alle sju døger i veka. Med åttetimarsdagen for dagarbeidet fikk skiftarbeidarane ein fridag i veka. Mellom andre omnshusarbeidarane på Smelteverket var ikkje nøgde med dette. Dei kravde seks timarsskift, og for å få slutt på den langvarige streiken hausten 1919 lovte Smelteverket å innføre seks timars skift frå og med 1. mai 1920, eit løfte det heldt.

Men sekstimarsskiftet gikk tapt att bare knappe to år etter. Hausten 1921 braut Agdesidens Bank saman ikkje minst på grunn av tap banken hadde på Smelteverket, og med raskt aukande arbeidsløyse måtte omnshusarbeidarane bøye seg for kravet frå verksemda og gå attende til åttetimarsskift. Dei kom ingen veg da dei tok opp saka igjen i samband med rasjonaliseringsspørsmålet i 1925. Heller ikkje da kravet om sekstimarsskift blei reist ved den landsomfattande tariffrevisjonen i 1937, saman med eit krav om sju timars dagarbeid, vann det fram.

Krava om nedsett arbeidstid i 1937 hadde bakgrunn i røynsler med at arbeidsløysa og hennar skadelege verknader på fagorganiseringa. Ved å dele på det arbeidet som fantest, kunne arbeidarane halde saman i arbeid og fagforeiningsliv i staden for at ein del av arbeidarane blei sette utanfor fabrikkportane og dermed også fagorganisasjonen.